Pinsetur til Silda og Selje

Her legger vi ut eit knippe med blinkskot fra nokre fantastiske pinsedagar. No vart no været rett nok varsla ein god månad i forvegen 🙂 Men at det skulle klaffe so til dei grader var vel ikkje forventa. Men fortjent var det 😎 
Turen gjekk først til Silda der vi vart godt mottekne av Jarle på Skjærbuda. Totalt vart vi 12 båtar samla, der 11 var frå Sandane + ein sympatisør frå Måløy som har lagt inn ein god søknad om å bli medlem i SSL 

På pinseaftan hadde vi en Quiz som skapte engasjement. Tema var regler til sjøs, både internasjonale og høgst lokale reglar som kapteinane sjølv har laga 🙂
Det vart jamt i teten og vi måtte til å stille eit tilleggs-spørsmål for å skille klinten frå kveita 🙂
Vinnarane vart til slutt Leirbrekka-laget "Flikk Flakk" 

Etter et par (for somme) late dagar på Silda, gjekk turen vidare til Selje der vi fylte opp heile gjestehavna. Det vart ein nydelig dag i sola med litt fjellturar ( på enkelte opp til fleire ganger 😉 ) god mat på Kafe Nabben og ein svært trivelig og sosial kveld på bryggekanten. På 2. pinsedag kunne vi nyte en nydelig tur innover til Rugsund. Der tok vi eit strandhogg og grilla litt rester etter helga før vi takka for laget og sette kursen mot Sandane. 
Vil takke samtlige som var med på å gjere denne fellesturen til noko vi kjem til å huske lenge. Vi gleder oss til neste anledning til å møtast på sjøen.

Ei ekstra takk til pressefotograf Sjur G for mange flotte bilder 🤩