Rydding i hamna

28.08.2021. Av Bjørn Inge Solheim

Det er tid for båtopptak, og i samband med det oppmodar styret alle båtplasseigarar å ta ansvar for å rydde opp etter seg. Det står både defekte båtkrybber, restar av båtkrybber, båthengarar, ulike materialar og anna som må vekk. Nokre har munlege avtalar med styret, andre tng anar vi ikkje kven som som eig. For alt vi veit kan det vere eigarar som ikkje er medlemer ein gong.

Til våren blir det sett ein dato for kor tid alt dette skal vere borte. Det som då står att, blir kasta. Ta kontakt med hamnesjef Lars Johan Sivertsen (940 36 431) dersom du har gode argument for at dine ting må få stå.

Straum

Havna er pr. i dag ferdig utbygd når det gjeld straumpunkt. Det er mulig å få kjøpt egen landstraum for dei som ønsker det.  

Styret

Del denne siden