Standard side

Sandane Småbåtlag

Referat frå årsmøtet 2012, 19. mars 2013, på Volvo-kantina/Frydenbø, kl 20oo.

Tilstades 11 medlemmer, samt formann, kasserar, sekretær og hamnesjef.

Sak 1

Val av møteleiar. Formann Jan Asle Rustøen ønskte velkomen, og vart vald til møteleiar.

Sak 2

Godkjenning av innkalling og sakliste

Vedtatt utan merknader

Innkallinga vart i år gjort via annonse i Firda Tidend og kunngjering på den nye heimesida til laget.

 

Sak 3

Årsmelding

Årsmeldinga vart lagt fram av sekretær  Jan P Vereide. Den vart vedteken, med eit par kommentarar:

Årsresultatet skal vere 42114.-, og er endra pga periodisering av forsikringskostnader.

Og; det er registrert et tilfelle av bensintjuveri i hamna i september oktober 2012 ifølge Lasse Solheim. Politiet har oppklart dette.

 

Sak  4

Revidert rekneskap for 2012

Kasserar Sven T Rylandsholm la fram dette, som vart vedteke utan merknader.

 

Sak 5

Budsjett 2013

Det framlagde budsjettet vart vedteke utan merknader.

 

Sak 6

Årskontingent og hamneavgift 2013

Forslaget frå styret om å halde desse uendra vart vedteke utan merknader

 

Sak 7

Val

Valnemnda ved Per Ståle Husevåg la fram følgjande forslag  der alle vart valde utan merknader og ved akklamasjon:

 

FormannJan Asle Rustøen attval, vald for 1 år

Sekr Jan P Vereideattval, 2 nye år

StyremedlemAnders Gloppestadny, vald for 2 år

HamnesjefOdd Arne Holmøyattval, 2 år

 

1 varamedlem Roger Storøyattval , for 1 år

2 varamedlem Helge Engesetattval , for 1 år

 

RevisorØystein Sivertsenny, for 1 år

 

ValnemndPer Ståle Husevågattval , for 1 år

Harald Kjærattval, for 1 år

 

KasserarSven T Rylandsholmikkje på val

 

Så var det matøkt.

 

Og utdeling av høgst fortent premie i fiskekonkurransen 2012, vinnar var Odd Arne Holmøy.

 

Heretter informerte hamnesjef Holmøy om kva tankar han og styret har omkring utviding av kapasiteten, for å få plass til nye medlemmer / større båtar.

 

Han informerte også litt om kva som er gjort med bryggene, blant anna er forankring av brygge C gjort, og B og A skal planleggast i samarbeid med bryggesjefane.

Staga på brygge D må/bør erstattast med kjetting.

 

Det er planlagt ei utviding av brygge A, med ein seksjon, for å få meir plass, og sal av nye plassar vil gjere dette om lag sjølvfinansiert.  

 

I samband med dette vil styret sjå på kva mindre båtar som kan flyttast for å få dette til i praksis.

Styret kan iflg laget sine Hamneregler paragraf 3 flytte båtplassar .

 

Andre forslag/kommentarar:

Det kan bli nødvendig å mudre ved brygge A. Vi undersøker om O Hjelmeset kan ha egna maskineri.

 

Sivertsen: kan det lagast eit båtopptak der den små brygga er i dag, slik at båtane kan gå rett inn i denne og så bli løfta med kran derifrå?

Dette også som eit alternativ til den planlagde og til dels påbegynte slippen i samarbeid med kommunen,der dei bygger pumpestasjon i hjørnet mot Naustvika.

 

Sivertsen: kan vi få bukt med støvplagene.

(Hadde laget fått den oppfresa asfalten vi var lova i 2012 ville dette ha løyst problemet. Dette vart ikkje noko av, så det vart brukt grus. )

 

L Solheim; Utvidingar av kapasitet, er ikkje det mulig å gjere det ved å forlenge moloen vestover motdjupvasskaia, og ta bort vinkelen som er der i dag?

(Forslaget må evt vurderast seinare)

 

Sak 8

Innkomne forslag

Det var kome inn eit spørsmål frå Granheim om båtplass, og om å utgreie muligheten for å få til lagerplass/vinterlagring av båtar under tak.

Båtplass reknar hamnesjefen med skal bli klar, evt på ei på utvida brygge A.

 

Lagerhall for vinterlagring av båt

Styret har vore innom problemstilinga i vinter men lagt det til sides inntil vidare.

På årsmøtet kom det fram at flyhangaren er til sals. Laget bør vurdere om dette er eit eigna lokale å få hand om.

Eventulet kan laget sette ned ei gruppe som kan arbeide med å ta fram alternativ til lagring, og lodde interessa for dette, og få fram kostnadskalkyler.

 

Møtet slutt ca kl 22oo.

 

Jan P Vereide

sekr