Slippen

Nytt båtutsett inne i moloen

Vi har gleden av å informere om at det nye båtutsettet er i ferd med å ta form. Vi vonar at dette skal bli både pent og praktisk. Her skal det gå an å sjøsette alle båtar som står på vogn. Vi kjem mest sannsynleg til å vente med støyping til neste vår for at grunnen skal få sette seg først. 


Slippen vår er plassert ved den enden av moloen som peikar mot Sandane sentrum. Slippen består av vinsj og tralle på skinner. Eit tilhøyrande vinsjhus gir god oversikt og styring ved opptak og sjøsetting. Bredda på betongplattingen er såpass stor at ein og kan ta opp og sjøsette båtar av mindre storleik på hengar med bil eller traktor. Det er mogeleg å slippe båtar opptil circa 1,5 meter djuptgåande (sjølvsagt avhengig av tidevatnet).





Prisen er kr 100,- pr døgn for medlemmar og kr 300,- pr døgn for dei som ikkje er medlemmar av småbåtlaget. Styret har bestemt at medlemmar som har hatt båt ståande på slipp utover 3 døgn samanhengande på grunn av dårleg vær, ikkje skal betale meir enn kr 300,- Det skal då skrivast i slippboka at været var grunnen til forlenga slipping.

Slipping skal avtalast med Havnesjefen i forkant. 
Tlf. 918 45536




Slipping med traktor.