Vårdugnad 2012

Bilder frå vårdugnad i hamna 2.mai 2012.
Godt oppmøte og en kjempeinnsats vart lagt ned! Naustet på Gloppestad vart tømt. Heile hamna og opplagsplass vart rydda. Busker og kratt vart saga og køyrt vekk, og containeren fylt til randen av boss! Ny straumsøyle på brygge B vart sett opp av ivrige elektrikarar. Pluss mykje anna godt arbeid..