Årsmøte 2020

09.02.2021 / Bjørn Inge Solheim

Det blir årsmøte i Sandane småbåtlag måndag 8.mars 2021 kl. 1900 i GU-salen på Gloppen Ungdomsskule.

Saker som medlemer ynskjer å ta opp på årsmøtet, må kome styret i hende seinast 22.feb.

-styret-

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Endring: Båtlaget skal selje båtplassar sjølv

09.02.2021  Bjørn Inge Solheim

Vi viser til info om prosedyrar angåande sal av båtplass som har lege på heimesida sidan 7.april 2020. Dette ordninga var midlertidig, og vi går no tilbake til opprinnleg ordning der alt sal av båtplass skjer gjennom båtlaget.

Det betyr at båtlaget har forkjøpsrett til båtplassen i dei seks første månadane etter at salet er gjort kjend. Etter 6 månader kan plasseigaren selje fritt.

Viser til §15 i vedtektene

____________________________________________________________________________________

Båtopptak - kran - hausten 2020

07.09.2020 / Bjørn Inge Solheim

Det blir båtopptak med heisekran i hamna medio oktober. Dato kjem seinare.

Pris 1000 - 1500,- pr.båt. Avhengig av antal som blir med.

Kontakt Sjur Gimmestad

41412521 / sjur@enivest.no


 

Roleg Årsmøte

10.03.2020 av Bjørn Inge Solheim

12 medlemer møtte på årsmøte 2.mars 2020. Både årsmelding, rekneskap og budsjett blei samrøystes vedteke. Det sitjande styret held fram, men Vidar Solheim kom inn som varamedlem, og Frode Denk blei valt inn i valnemnda.

Du finn referatet under "Nyheiter"

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Innkalling til årsmøte 2020

Årsmøte
Sandane småbåtlag
Frydenbø Bilsenter
Måndag 2.mars kl. 1900
 
Vanlege årsmøtesaker.
Saker frå medlemer må vere styret i hende seinast 17.februar
 
-styret-

 

 

Referat Årsmøte 2019

Referat Årsmøte 2019 finn du her